Meteorittar – frå rom til jord

Murchison

Murchison

Murchison

Klassifisering: Karbonhaldig kondritt, type CM2, S1-2
Fall: 28.september 1969
Land/lokalitet: Australia, Victoria
Totalmasse: ca 100 kg
Vekt på mitt eksemplar: 0,12 gram (fragment)

Meteoritical Bulletin Database

Murchison er ein av dei mest studerte meteorittane, og er ein karbonhaldig meteoritt med klassifikasjon CM2.
28.september 1969, like før kl 11 på førmiddagen lokal tid, vart ei lyssterk eldkule observert på himmelen. Den delte seg i tre hovuddelar. Omlag 100 kg med materiale vart spredt utover eit område på omlag 13 km2. Denne meteorittypen innheld fleire kjente aminosyrer, og har òg ei distinkt lukt på grunn av det høge innhaldet av organiske forbindelsar. Meteoritten har òg eit stort innhald av lyse kalsium-aluminium-innslutningar (CAI) i ein nesten svart matriks. Vi finn òg eit høgt innhald (omlag 12 %) av vatn, i bunden form.