Meteorittar – frå rom til jord

Jbilet Winselwan

Jbilet Win

Jbilet Winselwan

Klassifisering: Karbonhaldig kondritt, CM2, S0, W1
Funn: 24.mai 2013
Land/lokalitet: Marokko
Totalmasse: 6 kg
Vekt på mitt eksemplar: 0,62 gram (fragment)

Meteoritical Bulletin Database

Karbonhaldig kondritt av type CM2, funnen i 2013 nær Smara i Marokko. Dei fleste meteorittane har ei nokså fersk smelteskorpe, mange har òg små tynne sprekker i smelteskropa, danna ved at smelteskorpa har blitt hurtig avkjølt. Dei fleste meteorittane er mellom 3 og 10 gram, med nokre større eksemplar (største er ca 900 gram). Innsida av meteorittane er svart, med eit mangfald av kondrular.