Meteorittar – frå rom til jord

Almahata Sitta

Almahatta Sitta

Almahata Sitta

Klassifisering: Akondritt, urelitt, polymict, anomalus, S0, W0
Fall: 5.desember 2008
Land/lokalitet: Sudan, Nahr an Nil
Totalmasse: 3950 gram
Vekt på mitt eksemplar: <1 gram

Meteoritical Bulletin Database

7. oktober 2008 traff asteroiden 2008 TC3 jorda sin atmosfære, og eksploderte omlag 37 km over jordoverflata. Asteroiden vog omlag 80 tonn, var 4 meter i diameter og av type F . Asteroiden vart oppdaga berre 19 timar før den traff, og var den første asteroiden som er oppdaga i verdensrommet før den traff jorda.

Kl 02:46 UTC traff asteroiden atmosfæren over Sudan med ein snøggleik på 13 km/s og med ein vinkel på 19 grader i forhold til horisonten. Retninga var 281 grader aust, og utløyst energi tilsvarte 1.1 til 2.1 kilotonn TNT.  Asteroidar på denne storleiken treff jorda gjennomsnittleg 2-3 gongar pr år. Omlag 10 kilo, fordelt på rundt 600 fragment, vart samla opp frå ørkenen i Sudan.

Legg igjen en kommentar