Meteorittar – frå rom til jord

Tirhert

Tirhert

Tirhert

Klassifisering: Akondritt,  eucrite
Fall: 9.juli 2014
Land/lokalitet: Marokko
Totalmasse: 8 kg
Vekt på mitt eksemplar: 3,31 gram

Meteoritical Bulletin Database

Onsdag 9. juli 2014 kl 21:30 opplevde innbyggarane i områda rundt Tirhert, Foum El Hisn, Douar Imougadir og andre nærliggandene landsbyar i sørlige delen av Marokko ei intens eldkule som bevega seg nær horisontalt frå nordvestleg mot søraustleg retning. Eldkula var synleg i omlag 4 sekund, og vart etterfulgt av fleire overlydssmell («sonic boom»). Eldkula var lyssterk nok til å kunne sjåast i ein omkrins på rundt 220km rundt fallstaden, Tirhert. Dei første meteorittane vart funne i nærleiken av vegen mellom Foum El Hisn og Assa. Tusenvis av personar saumfarte omgjevandane, men leitearbeidet var svært vanskeleg på grunn av høge dagtemperaturar på rundt 50°C. Posisjonen til mange av meteorittane vart kartlagt basert på augevitneskildringar, og desse estimerer eit nedfallsfelt («strewnfield») på omlag 6×3 km. Den største registrerte meteoritten frå dette fallet er på rundt 1300 gram, og vart funnen nært Tirhert. Total estimert samla masse er mellom 8 og 10 kilo. Dei fleste bitane er dekka av ei svært glinsande, svart smelteskorpe.
Denne meteoritten er ein eucrite, og har ei svart, glasaktig smelteskorpe med gjennomsiktlege parti som avdekker korna av plagioklasfeltspat under. Bruddkantar og kutta eksemplar viser at meteoritten består av mm-store kvite plagioklasfeltspatkorn og honningbrune pyroksenkorn. Meteoritten er ganske skjør, og smuldrar lett opp. Samlarar og forskningsinstitusjonar verden over fekk raskt tak i eksemplar og fragment frå dette fallet. Meteoritten er svært ettertrakta. Dette skuldast at den er av ein nokså sjeldan type, er svært fersk, har ei fantastisk lekker smelteskorpe og finst i svært begrensa volum.

Tirhirt

Tirhert


Lokasjonen der hovudmassa vart funnen.

Lokasjonen der hovudmassa vart funnen.

Legg igjen en kommentar