Meteorittar – frå rom til jord

Gjestar frå verdsrommet

På tur i området der meteoritten "Svartekari" vart funnen.

På tur i området der meteoritten «Svartekari» vart funnen. Nål i høystakk er barnemat…

Av alt geologisk materiale på jorda, er meteorittar truleg noko av det mest spesielle. Dei er nemleg besøk frå verdensrommet, med opphav frå asteroidar, månen og andre planetar. Sidan meteorittane kjem frå ein plass utan nedbør, oksidasjon og forvitring, er dei perfekte for å fortelle korleis geologien i solsystemet var ein gong i tida, og korleis den er på andre planetar. Ein kallar ofte meteorittar for «fattigmanns romsonde», då det er den enklaste måten for menneske å studere utanomjordiske objekt.

Men sjølv om meteorittar kjem frå plassar med tilsynelatande stabile forhold, finn vi ofte tydelege spor etter ei voldsom og brutal historie. Knust struktur, sprekker med smelta materiale, sjokkomdanna mineral og blanding av ulike typar stein og mineral vitnar om kraftige asteroidekollisjonar. Kanskje det var nettopp ein slik kollisjon som førte til ei endring i asteroiden si bane, ei endring som kasta den avgarde i kollisjonskurs med jorda.

Kva er meteorittar? Kvar kjem dei i frå? Korleis overlever dei den ekstreme turen gjennom atmosfæren? Kva skil dei ulike typane frå kvarandre? Kvar kan eg finne dei? Og kva kan dei fortelle oss om jorda og solsystemet sin barndom og opphav?

Det å halde ein meteoritt i handa første gongen er ei spesiell oppleving. Tenk at denne steinen ikkje er frå jorda, og at den har ein alder som du ikkje finn hjå nokon andre jordiske bergartar. Enkelte størkna til stein før jorda vart danna.

Eg samlar på meteorittar. Ikkje berre er meteorittane vitenskapleg interessante og kan fortelle oss mykje om vår fjerne fortid, men mange av dei er òg knytt til ei spennande og dramatisk historie.
Eg leitar òg etter meteorittar. Sjansen for å finne ein meteoritt er svært liten, og her i landet er sjansen enno mindre. Likevel vert det av og til funne materiale her til lands òg. Meteorittane vert ofte av dei som ikkje leitar, men som likevel har augene med seg.
Ein dag vert det kanskje min tur…

 

Legg igjen en kommentar